Liv Hauge Norheim (20).
Liv er ny som medlem i redaksjonsutvalet og skal vere økonomiansvarleg for MOTIV i det komande året. Ho har brei erfaring frå drift av lag, krins, frå forbundsstyre og landsmøte/leirnemnd. I tillegg til å bidra i MOTIV vil den primære oppgåva hennar å få skikk på økonomien og skaffe annonsørar.
Eivind Marienborg (25).
Eivind er tidlegare fast bidragsytar og redaktør av MOTIV, og tiltrer no redaksjonsutvalet som fotoredaktør, med ansvar for kvalitetssikring av foto i bladet og på nett. Som tidlegare forbundsleiar har Eivind brei erfaring innanfor organisasjonen og vil tilføre utvalet mykje erfaring.
Petter Holstad (15).
Petter er ny i redaksjonsutvalet og tiltrer no som redaktør for radio. På Kontra var han medlem av redaksjonen til avisa KONTRASTEN og redaktør for Radio Kontra. I tillegg er han økonomiansvarleg i Juvente Vågsfjord og styremedlem i Trofoten krets.
Øyvind Kind Robertsen (16).
Øyvind sat i redaksjonsutvalet i førre periode og er no klar for eit år til. Han er i tillegg nestleiar i Juvente Vågsfjord og økonomiansvarleg i Trofoten krets. På Kontra var han medlem av redaksjonen til avisa KONTRASTEN og teknikar i Radio Kontra.
Hilde Thoresen (16).
Hilde er ny i redaksjonsutvalet. Ho er medlem i og sit i styret til Juvente Ås, og er eit særs aktivt Juventemedlem. Tidlegare har Hilde vore redaktør av skuleavisa på skulen hennar, og no skal no bidra fast i MOTIV.
Hogne Vangen (19).
Hogne er ny i redaksjonsutvalet. Han har bakgrunn frå Juvente Trysil og har sete i styret til HedOpp, og skal drive spalta “Hogne reiser”.

Syns det virka som et veldig godt utvalg!
Liker touchen med kaffe/te-kopper. Men hva gjør en radioredaktør i MOTIV?
Humm. Kaffi/tekoppar?
Målet på sikt er å få opp ein podkast, difor har me ein redaktør radio.
Ah! No såg eg på bileta