MOTIV bloggar direkte frå det fyrste ordinære forbundsstyremøtet i perioden 2009-2001 på Kirkevik.
Frå torsdag 4. september rundt klokka 19:00 til møteslutt søndag vil du på denne sida få oppdateringar frå MOTIVs representant på FS-møtet på Kirkevik. Det nye forbundsstyret skal handsame mange spennande saker, som utvalsstruktur, endeleg konstituering, strategiske anbefalingar, detaljert arbeidsplan for perioden, møteplan, styreoppnemningar, representasjon i ulike styre og mykje meir.
Har du lyst til å kommentere møtet kan du skrive ein kommentar under (som må verte godkjend før publisering) eller du kan tvitre på Twitter med kodeordet #juventefs.
Dersom du ynskjar å få ei påminning om “direktesendinga” kan du skrive inn e-postadressa di i boksen under.